Referat 10 . november

Klikk på les heile saka for å sjå referatetet.

Desse var til stades: Yngve, Jarle, Arne, Eivind Andre, Olav Aslak, Cathrine, Rune, Siren, Ole Henrik, Espen, Thorleif, Dag, Pål, Inge, Torfinn, Jon Rolf og Anne

 

·         Torfinn orienterte litt om korleis ideen til Hovdenekspressen blei til

·         Det ser ut til at det blir to hovudgrupper som syklar oppover dalen. Dei som satsar på 10 timar, og dei som satsar på 8 timar. Det er og enkelte andre som vil sykle fortare. Desse må klare seg meir eller mindre på eigahand

·         Det blei snakka litt om at siste frist for å kome i gang med trening bør vere rett over nyttår

·         Dei som ville, fekk høve til å prøve draktene. Dei fleste fant vel ut at ein måtte ha eit nr. større enn det ein brukar til vanleg

·         Det kom og fram ønske om egne sykkelbukse til damene utan sele, og tilpassa padding. Dette må bli ordna

·         Det er og ønske om at buksa har betre padding enn den vi fekk prøve. F.eks alea-bukse

·         Alle vare einige i at Ole Lilland med 5-6 vener, er hjertelig velkomne til å vere med i Hovdenekspressen

·         Elles er det ønska å få tilbod på ei sykkelpakke som inneheld sykkel, sko, pedalar, og flaskeholdar. Det er og ønske med nokre syklar i ulik prisklasse

·         Elles skal underteikna lage ei liste med anna utstyr som blei nemnt på møtet. Lista blir sendt på e-post rett over helga. Dei som ønskjer anna utstyr, kryssar av for kva som kan vere aktuelt, og sender den i retur til meg. Vi reknar sjølvsagt med å få rabatt på dette utstyret

·         Heilt til slutt, blei det snakka litt om eiga heimeside for Hovdenekspressen. Underteikna undersøker dette nærmare